Post2015

«Kva er Post2015, og kven i alle dagar er det som plutselig skriv på bloggen?» lurar du kanskje på. Eller kanskje lurte du ikkje på dette i det heile. Likevel, det er eit poeng å svara på dette. For det fyrste er det me i Rovernemnda som har vore så heldige å få låna Speiderblogg.no til å skriva om temaet Post2015. Me håpar de set pris på det me skriv her, og lovar å oppføra oss nokolunde sivilisert.

Samfunnsengasjement er ein viktig del av det og vera speidar. I tillegg er KFUK-KFUM-speidarane ein del av paraplyorganisasjonen LNU, som arbeider på lag med dei fleste barne- og ungdomsorganisasjonar i landet. På Barne- og ungdomstinget til LNU i år vart det blant anna vedteke ein resolusjon omkring Post2015.

Dei siste femten åra har FN arbeida ut i frå utviklingsmål som vart vedteke i år 2000, og som gjeld fram til neste år. Dei er godt i gang med arbeidet med dei nye utviklingsmåla, og det er altså desse nye måla, og arbeidet fram mot dei, som vert kalla Post2015. Ein av dei største forskjellane mellom dei gamle måla og dei nye, er at dei nye måla skal gjelda alle land, ikkje berre utviklingslanda slik dei gamle har gjort. Altså gjeld dei like mykje oss her i Noreg, som nokon langt borte i ein annan verdsdel. FN ynskjer dermed at nettopp DU skal få påverka kva dei skal arbeida mest med i åra som kjem.

Dette kan du gjera veldig enkelt, ved å gå inn på sida My World 2015 og svara på undersøkinga som ligg der. Dette er ein direktekommunikasjon mellom alle unge og FN, der ein på ein enkel måte kan vera med på å avgjera kva som er aller viktigast å arbeida med, enten det er utdanning til alle, nulltoleranse for diskriminering eller reint drikkevatn. Etter å ha svara på undersøkinga sjølv, er det sjølvsagt ekstra flott om du spreier sida vidare på fjesboka og elles blant dine vener og kjente. Det oss unge som er framtida, bli med å gjer ein forskjell!

Trykk her for å svara på undersøkinga, og her for og lesa meir om arbeidet som vert gjort.

Vist 865 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder