14+kurs

For eit par helger sidan var eg heldig og var med på eit 14+kurs. På vegne av Rogaland krets skulle eg skriva ein liten reportasje frå 14+maritim, eit kurs om båtliv. Eg tenkte at det var kanskje noko interessant å skriva om og på speiderblogg.
Då eg først byrja å gå på 14+kurs falt det meg ikkje inn at det var noko som ikkje alle hadde høyrd om eller fått deltatt på, eg trudde at det var kurs som blei arrangert over heile landet, eg lærte fort at det ikkje var heilt sant.

14+kurs er ein serie kurs som vanlegvis varer ei helg og blir arrangert av Rogaland krins. Desse kursa er for dei som er 14 år og oppover, som generelt tyder 9. klasse til 1. vidaregåande. Det finnes ein god del forskjellige av desse kursa, då det gjerne er opp til arrangøren kva som blir arrangert. Viss ein har lyst til å halde eit kurs om sykkel og fiske så blir det gjerne kurs om sykkel og fiske. Nokre blir arrangert litt sporadisk, eller kanskje berre ein gong, mens andre, som 14+ Lek og nevenyttighet, 14+Førstehjelp og 14+Mat blir arrangert ganske jamleg. Kursa begrenser seg ikkje til berre Rogaland krins, då speidarar frå Haugaland og har dukka opp av og til, sjølv om det er eit stykke å reisa.

Eg vil gjerne påstå at kursa gjer det lettare å halde på ungdomsskulelevane. Dei får eit nettverk blant andre på same alder som dei kanskje ikkje har i gruppa. I mi eiga gruppe var det ikkje så veldig mange på mi eiga alder, så kursa vart noko å sjå fram til. Ei stund der ein kunne snakka med andre og slappa av i staden for å vera PF. For sjølv om desse kursa er kurs, og varierer sterkt i innhald er det sosiale veldig viktig og blir rekna som ein stor del av desse kursa. Dette er ikkje Norsk Roland på ei helg, men inneheld gjerne mykje kos og leik.

14+kurs er mogligheita til å vera sosial og ha det kjekt, men samtidig gjere noko nyttig, og viss ein har muligheita til å dra på noko liknande vil eg anbefale alle å i det minste prøve.

Vist 365 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder