Feiande feiring av fenomenale frivillige og ei oppfordring

Fylkesmannen i Rogaland inviterte til feiande feiring av fenomenale frivillige i anledning 200 års jubileet til Noregs grunnlov. Då stilla sjølvsagt speidaren òg opp. NSF-gruppa 1. Sandnes stod ute med lavo og pinnebrød, mens Rogaland KFUK-KFUM hadde stand inne med knutar og speidarhistorie. Mot slutten av dagen varte fleire frivillige intervjua om arbeidet sitt. Speidaren var i godt selskap med blant anna 4H og Natteravnene. På førehand hadde Heidi Bratland frå NSF og eg fått beskjed om nokre emna som skulle bli tatt opp. Då Heidi fekk spørsmålet om kvifor ho var speidar hadde ho eit utruleg godt svar som mange nok er einige i. Noko av det kjekkaste med speidaren er fellesskapet.

Å ha eit fellesskap er utruleg viktig, utan det føler ein seg gjerne utanfor og einsam. Fellesskapet kan vera fotball, ein gjeng med venner eller eit band, uansett er det menneskjer du har noko til felles med. Speidarar er med i eit globalt fellesskap, eit av dei største fellesskapa for barn og unge i heile verda. Sjølv om ein ikkje er engasjert på globalt nivå, nasjonalt nivå eller kretsnivå så er ein framleis ein del av eit fellesskap. Du er saman med dei andre i patruljen, roverlaget eller dei andre leiarane i gruppa, uansett er det veldig vanskeleg å vera speidar aleine.

For å halde på speidarane våre, på leiarar og roverar må ein få dei til å føle seg inkludert i fellesskapet. Viss det ikkje er så mange roverar i gruppa kan ein prøve å delta på arrangement i kretsen. Det same gjeld leiarar og alle speidarar. Viss ikkje kretsen er veldig aktiv kan eit par grupper vera litt saman, dra på turar og ha det kjekt i lag. Vips, så er ein blitt ein gjeng. Når ein først får seg vener vart det mykje kjekkare å bli og mykje vanskelegare å dra. Så oppfordringen er; Skaff deg vener, ta initiativ og bli kjent med folk!

Her er ei lenke til video av intervjuet.

Vist 328 ganger. Ingen følger denne samtalen.

Nye bilder