Viser arkivet for mai, 2014

  • Teori
  • Teori
  • Leirområdet — Dette er et oversikts bilde over leirområdet på turen
  • Praktisk 2
  • Praktisk2
  • Grupe arbeid
  • Vaskekom
  • DSC 0464
  • RBG — Noenganger er det veldig greit å være leder på tur.

VM i speiding

Den 9 mai til den 11 mai ble det arangsjert VM i speiding på Kollevågen friluftsområde på Askøy. Den lille mini leiren ble arangsjert i år av Bjørgvin krets og er et sammerbeid mellom Hordarlandkrins(NSF) og Bjørgvinkrets (KFUK-KFUM Speider) målet med turen var å finne grupper som skulle fålov å være med på NM i speiding som i år blir arangjert på Midtsandtangen i Trøndelag den 13-15 Juni.

Les mer

Mediekurs for Unge Talspersoner

Forrige helg var det mediekurs for unge talspersonar og infostab til landsleiren i sumar. Dette kurset blei heldt på Holtekilen folkehøgskule i Bærum.

Eg ankom litt seint på fredagen etter blant anna å ha tatt feil tog frå Gardemoen. Trygt inne på skulen hadde me fleire økter om media utover kvelden. Då det endeleg var tid for å leggje seg var me, jentene som delte rom saman, stuptrøtte og hoppa rett i seng utan for mykje småprat.

Vår første økt på laurdagen handla om presseetikk og kva som er forsvarleg å skrive i media og kva tid ein skal gjere dette. Etter dette byrja me på oppgåva me fekk kvelden før. Her kunne me velje mellom fleire oppgåver. Mi gruppe valte parafrase. Det innebar at me skulle gjenskape 3 forskjellige malerier eller kunstverk som skulle bli vist på elevkvelden same kveld. Dette skulle me få til på 4 timer. Me strevde ein del me å finne kunstverk og konsept. Men etter kvar kom me fram til at me skulle gjenskape portretter frå 1800-talet, men bileta blei gjenskapt der motiva tok ein selfie. Vidare strevde me ein del me å finna kostymer på kostymelageret til skulen. Kostymene var relativt amatørmessige og likna berre litt på kleda , men me vart ganske nøgd med uttrykket på bileta. I tillegg lo me ganske mykje av kvarandre medan me tok bileta.

Dette var bilete som Thomas-André tok av meg og er ein parafrase av Whistler’s Mother, som ein då kan sjå i øverste del av bilete.

Bileta me tok blei vist fram på elevkvelden til resten av elevene på skule som vart litt overraska då speidarane trådde te me nokre rop. Etter messe i kyrkja var me igjen ganske trøtte, men til tross for dette satt me oppe ei stund på kvar vår pc.

Neste morgon var det ikkje mykje igjen på programmet, me hadde to kjappe økter om korleis ein kan få synlighet i media og om blogging. Altfor raskt var helga over og det var tid for oppsummering og heimreise. Det var eit veldig kjekt kurs som eg anbefaler til alle som er litt interessert i å skrive, ta bilete eller bare er interessert i å utrykke seg sjølv.