Viser arkivet for stikkord rjukan

Hoppet

Han ser ned. 84 meter under han kan han sjå vatnet fosse forbi mellom steinane i elva. Det er ikkje mykje som skal til der han står på utsida av hengebrua. Eit underleg syn hadde møtt folk om dei såg han. Ein ung gut, midt på brua, som ser ut som han skal til å hoppe. Det strid mot alle instinkt i kroppen hans. Det er nå det gjeld. Nå eller aldri. Han tar sats og hoppar frå brua. Han ser støv og pollen fyke forbi han i lufta. Det er ein merkeleg følelse. Fritt fall. Fri som fugelen. Det tek ikkje lang tid for han å kjenne det. Så går det endeleg opp for han at det er slutt. Skuffelsen tar tak i han, det var ikkje slik det skulle vere.

Ein gjeng rovera er klare for roadtrip. Seks timar i bil, med mykje liv og god stemning. Musikk og humor får turen til å gå fort. På dei korte stoppa undervegs får dei tid til både snøballkrigar og fotografering. Før dei rekk å innsjå det har dei kjørt heilt frå Sandnes i Rogaland til Rjukan i Telemark. Godt humør og god stemning får tida til å suse forbi. Dei passerar Vemork og minnast historietimane på ungdomsskulen då dei lærte om tungtvannsaksjonen mot tyskarane under andre verdskrig. Det er spennande å sjå plassen dei har hørt så mykje om. Tettstaden Rjukan er tapetsert med plakatar om Rjukan Rockefestival som er same helga. Rjukan har verkeleg alt!

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad

Ikkje alle speidarar er like flinke til å finne vegen, og dei i framsetet på bilane sleit vel og lenge med å finne ut kvar dei skulle ta av for å finne fram til Gaustatoppen. Etter at dei hadde køyrt forbi avkøyringa fire-fem gongar oppdaga dei han endeleg. Eit fasinerande byggverk på motsett side av vegen hadde stole oppmerksamheita deira kvar gong. Heldigvis finns det meir eller mindre brukbare kart til iPhone.

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad

Kvelden kjem, biffen er på steikepanna, risen er kokt og salaten er ferdig. Middag er viktig når ein er medlem av eit roverlag med namnet mest Mulig mat (mMm). Vinden røskar godt i lavvoen den natta. To svære steinar har erstatta den manglande delen av lavvostanga. Bardunane og lavvoduken held seg på plass heile natta, takket vere alle steinane som har gjort nytten til dei manglande pluggane. Neste gong dei drar på tur skal dei sjekke at alt utstyret til lavvoen er på plass før dei drar.

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad

Laurdags morgon er det tidleg opp, fram med nugattiboksen, shortsen og vindjakka før dei set nasen mot Vemork. Nerva er i høgspenn hos alle. For nokre er det nok å berre gå over hengebrua. Postbilen passerar dei midt utpå brua. Høgdeskrekken kjem og bankar på døra til underteiknande. Folk byrjar å strømme til. Alle vil sjå kva som skjer.

Han ser ned. Ein ung gut, midt på brua, som ser ut som han skal til å hoppe. Det strid mot alle instinkt i kroppen hans. Det er nå det gjeld. Nå eller aldri. Han tar sats og hoppar frå brua. Det er ein merkeleg følelse. Fritt fall. Fri som fugelen. Nokre sekund seinare kjennar han at strikken drar han opp igjen. Skuffelsen straumar på. Det er allereie over. Noregs høgaste strikkhopp. Oppe på brua igjen kjennar han adrenalinet pumpe. Humøret er på topp. Etter at sju av åtte deltakarar har fått det unnagjort setjast kursen mot Gaustatoppen.

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad

Turistforeininga opplyser at løypa opp til toppen skal ta tre timar. Utsikten er fantastisk sjølv om dei berre har gått ein tredjedel av løypa.

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad

For å gjere drikkepausane på veg opp litt humoristiske så prøver dei å planke. Planking oppsto i Australia og har blitt ein sær sport som har breia seg ut over heile verda via nyheiter og sosiale medier. Roverane gjer det berre for å gjere narr av sporten. Det er så dumt at det er morosamt. Gaustatoppen ligg 1883 moh og ein kan sjå ein sjettedel av heile Noreg.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Foto: Hanna Elisabeth Laland Hystad og Silje Kristin Tollefsen

Utsikten er utruleg og ein perfekt avslutning før nokre av dei vendar nasen heim til Sandnes igjen mens underteiknande tek seg eit iskaldt bad i fjellvatnet nede ved lavvoen.

Foto: Håkon Nilssen